TRAFIKKSKIRINGSPLAN 2016-2019

nom førerkort | E-teori 

Elevekonto  Kjell Magne

Besøksadresse: 

Bruflatbygget ( i gateplan )

Sandvenvegen 23,

5600 NORHEIMSUND                            

Postadr.: Tolohagen 31, 5600 Norheimsund(kart )


Åpent
tys-tors kl 11:00-15:00
 

Nye bilder!

Slide Show Pict
Førarprøven PDF Skriv ut E-post

Førarprøven består i hovudsak av ein teoretisk og ein praktisk del. Den teoretiske prøven skal være bestått før praktisk prøve kan gjennomførast. Hugs alltid å ha med deg legimitasjon, og ver klar over gebyret.Les meir..             

Teoretisk del

Teorieksamen tek du på ein trafikkstasjon. Statens Vegvesen har ingen trafikkstasjon i Norheimsund, difor kan du ikkje få denne tjenesten her. Dei fleste elevane våre tek teorieksamen på Voss eller Bergen Trafikkstasjon, hugs då på å ta bilete, og å skriva under på førarkortet, då slepp du å reisa ein gong til. Les meir..

Praktisk del

Køyreeksamen tek du i Norheimsund. Når du tek prøven her må du huska og ha med legitimasjon, og kontantar for å betala gebyr for førarprøven og førarkortet. I tillegg til sjølve kjøringa, vil prøven innehalde ein sikkeriheitskontroll av køyretøyet. Les meir..

GODE RÅD TIL  PRAKTISK FØRARPRØVE

Kva går praktisk førarprøve ut på?

Den praktiske prøven vil i gjennomsnitt vare i ca.75 minutt, og du må rekne med at sjølve køyringa tek 55-60 minuttar. Prøven vil i tilegg til køyringa og innehalda ein sikkerheitskontroll av bilen, kor det sentrale vil vera kontroll av dekk , lysutstyr ,bremsar , styring , sikt , vognkort m.m

Sensors oppgåve er å vurdere om du har nådd måla for førarprøveopplæringa, ved å bedømme dine prestasjonar gjennom prøven. Sensorar har på lik linje med sensorar i det offentlige skuleverk, ikkje anna å bedømme deg på enn det som framkjem i løpet av prøven. Sensoren skal forhalda seg til «Kriterier til førerprøven» som beskriver i detaljer kva som skal godkjennast, eller ikkje godkjennast til førarprøven. Det er altså ikkje sensors humør , eller andre myter om han/henne som avgjer om du består eller ikkje. Det er heilt å holent du som avgjer utfallet gjennom dine handlingar.

Fyljande moment vert vurdert:

1. Observasjon

2. Teikn

3. Plassering

4. Fartstilpassing

5. Trafikktilpassing

6. Bilbehandling

1. OBSERVASJON

§    Ta overblikk ved å sjå langt fram og beveg blikket

§    Observer trafikken bak og rundt bilen ved bruk av speglar og dødvinkler

§    Bruke speglar før og eventuelt under fartsreduksjon/fartsauke

§    Bruke speglar oftere når det er trafikk bak

§    Bruke speglar ved feltskifte,plasskifte og før svinging i kryss

§    Bruke korte blikkbevegelsar

Råd:

Ved å bevega blikket vil du få med deg viktig informasjon som kryssande trafikk, fartsgrenser, skilt som har betydning for din køyring. Dei fleste feilhandlingar oppstår fordi bilførar ikkje har sett situasjonen.

2.TEIKN

Her slurves det mykje. Mangen har fikse idear om at det er ikkje er nødvendig  å gi teikn dersom det er påbudt køyring. Bruk teikn alltid ved svinging i kryss. Teikn set du på minst 5 sekund før einkvar manøver (t.d. plassering) Tidlegare dersom det er utanfor tettbebygde strøk.

Råd:  Bruk teikn:

§    Når du skal svinge i kryss. Også ved påbod om å svinga.

§    Alltid når du skal ut av rundkøyring

§    Skifte felt

§    Foreta plassendringar

§    Igangsetting og stans                 

3.PLASSERING

Du skal plassere deg riktig:

§    Før, i og etter sving i vegkryss, rundkøyring

§    På fleirfeltsveg ( hovudregel høgre og unntak frå hovudregel)

§    I forhold til skilt og oppmerking

§    Avstand til forankøyrande (Når du vil forbi og når du ikkje vil forbi)

§    På fleirfeltsveg og er usikker kor langt fram det er til krysset, finn rett felt fyrst

§    Tenk langt fram og inn i neste gate/veg

§   Bruk høgre felt når det ikkje er grunn til å bruka venstre

Råd: Finn riktig plassering i god

4.FARTSTILPASSING

Du må skilja mellom fartsgrense og forsvarleg fart. Fartsgrensa er den høgaste lovlege fart du kan køyra i under ideelle forhold. Forsvarleg fart er den høgaste fart du kan køyra i under dei rådande forhold. Det er mange faktorar som virker inn på kva som er forsvarleg fart, for eksempel stad, føre, siktforhold og trafikkforhold

Råd:

Tilpass farten fram mot kryss, gangfelt, rundkøyring, buss på haldeplass (gåande framfor bussen), før sving på landeveg.

Hald deg til fartsgrensene når det er forsvarleg, ellers held du høgaste forsvarleg fart. Litt over aksepterast men du må rette på det i løpet av 5 til 10 sekunder

Unngå å køyra saktare enn forsvarleg fart

Det forventes ikkje at du skal ha same flyt og tempo som ein erfaren bilist. Det betyr ikkje at du kan køyra i 60 km/t på landeveg/motorveg når forsvarleg fart er 80km/t. Slike forsøk på å heilgardera seg vert avslørt og du viser at du har problem med å tilpassa farten etter forholda.

Når fartsgrensa reduserast skal farten tilpassast før skiltet passerast                        

5.TRAFIKKTILPASSING

Trafikktilpassing går på samarbeid med andre trafikantar, slik som å utnytte luker, tydeleg visa at ein vil overhalda vikeplikta. Kort sakt tilpassa seg trafikken og ikkje unødig hindre andre trafikantar.

Råd:

1. Overhald vikeplikta.

For gåande     

For hindringar for eksempel parkerte biler, vegarbeid m.mc.     

Kryssande trafikk     

Buss ut frå busstopp                                                                                             

2.Utnytte luker i trafikken

3.Køyr slik at andre trafikantar ikkje unødvendig vert hindra eller forstyrra

6.BILBEHANDLING

Ei jamn behageleg bilbehandling er alltid å føretrekke . Rykk og napp under køyringa vil alltid gi eit dårleg inntrykk  av kva du er god for som bilførar. Men om du skulle koma til å kvela motoren under ein førarprøve vil det åleine ikkje føra til noko stryk. Men mistar du kontrollen når du skal starta motoren igjen kan det telja negativt.

Råd:

Reparer feil som du gjer på ein roleg og bestemt måte, så kan det vega opp for ei eventuell enkelfeil, som å kvela motor.

VAL AV KØYRERUTE

Kor man skal køyra er bestemt av eit dataprogram før sensor kjem ut i bilen. Det er utarbeidt fleire køyreruter. Desse køyrerutene er nøye planlagt for å teste deg i forskjellige trafikksituasjonar og trafikkmiljø.

Kvar rute inneheld fyljande moment:

1.Sikkerhetskontroll

2.Landeveg

3.Tettstad

4.Bolegområde

5.Rygging / Vending og parkering                                                                         

GJENNOMFØRING AV  FØRARPRØVEN

Undervegs gjev sensor beskjed i god tid om kor du skal køyra. Nokon gonger får du fleire beskjedar. årsaka er at er at du skal få høve til å planleggja køyringa di,for eksempel køyring i einvegskøyrte gater. Har du gløymt kva beskjed sensor har gitt, kan du be om at sensor gjentek beskjeden. Viktig at du spør tidleg nok, slik at du får tid til å køyra riktig, er du usikker tenk rett fram.

Sensor noterar under heile turen for at han skal kunna gi deg ei korrekt tilbakemelding etter prøven. Notatane inneheld både positive moment og moment som kan forbetrast.

Gjer du feil under prøven er det viktig at du ikkje  heng deg opp i dette. Det vil ofte føra til at du mister konsentrasjonen på det som skal skje framover. Feil du gjer under køyringa kan du gjerne kommentere. Det er positivt at du er klar over dine handlingar. Det gjer det lettare å retta på eventuelle feil seinare.

Vær ærleg under oppsummeringen etter køyreturen. Dett gjev eit godt inntrykk og viser at du er bevisst dine handlingar.

FORBEREDELSE TIL FØRARPRØVE

Det er viktig at du trenar javnleg fram mot førarprøven. For lange pausar aukar gløymselen og gjer deg lite forberedt til prøven. Tenk på fotbalspelara. Dei kan spela fotball, men trenar fleire gonger i veka for å halda seg i form. Spesielt foran kampar trenar dei rett før kampen.

Sjølv om du føler deg utlært vil me anbefala deg å ta jevnlege køyretimar ved trafikkskulen. Er ventetida lang til førarprøven bør du, bør du køyra minst ein gong i veka for å oppretthalda nivået ditt. Me vil og kunna gjeva deg råd. I tilegg bør du trena heime, helst kvar dag.

Dagen før eller om mogleg same dag før prøven bør du ha ein køyretime, den kan brukast til å finpusse og få lagt av seg den verste nervøsiteten.

FØRARPRØVEDAGEN

Husk:

1.Påse at alt er betalt til oss ! Lån av bil tilførarprøven - Rekningar

2.Ta med førarkortet om du har det

3.Godkjent legitimasjon ! Bankkort, pass etc.!

4.Kontantar for å betala gebyr for førarprøven og utskriving av førarkort                    

FOR Å  UNNGÅ  STRYKE

1.Ha god oversikt foran, rundt og bak deg, god sjå teknikk.

2.Tilpass farten etter forholda

3.Plasser deg riktig i køyrebana

4.Køyr i henhold til skilt og reglar

5.Overhald vikepliktene

6.Ha tilstrekkeleg tempo, presisjon og flyt i køyringa

7.Tenk omsyn, sikkerhet og trafikkavvikling        

 

Nyttige lenker

 Teoritentamen App 


 E-teori på nett 
 Ruteplanlegger 
Bil og henger(app)
      Vegrapport                                                                                           

Gjensidige mengdetrening app 


 

Nyheter

Båtførarprøven
Me tilbyr båtførarprøven og båtførarkurs i samarbeid med Waypoint Maritime: https://waypointmaritime.no/...
Trafikalt Grunnkursbevis på
Mobilen ...
Drepte i Trafikken
Trygg trafikk ...
Viktig! TEORETISK PR?VE:
Ved teoretisk prøve på trafikkstasjon , signer ditt førarkort og ta bilde. Du vil da spare deg en tur ekstra (etter bestått praktisk prøve). Gjelder førarkortkandidater som avlegger praktisk p...